- Det vil bli ein sterk Vestlands-region som kan få fart på næringsutvikling, samferdsle og utvikling - og ta på seg betydeleg større oppgåver enn dagens fylkeskommuner seier dei sju ordførarane i Eid, Vågsøy, Stryn, Ørsta, Volda, Selje og Hornindal i ei pressemelding.

- Med ein region-reform der ein erstattar dagens 19 fylkeskommuner med ni regionar, kan det framtidige regionkartet i Noreg etter vårt syn sjå slik ut (sjå bilete over), meiner dei.

- Vi vil oppmode det politiske miljøet på Sunnmøre, i Sogn og Fjordane og i Hordaland om å samarbeide om å utgreie ein slik modell som løysinga for framtidas Vestlands-region. Infrastruktur, kommunikasjon, næringsliv og busetnad har endra seg radikalt sidan dagens fylke vart til midt på 1800-talet. Området Nordfjord-Sunnmøre er eit godt døme på at dagens fylkesgrenser har gått ut på dato, og at større regionar vil skape mykje betre høve for å utvikle ein felles bu- og arbeidsregion og gode, framtidsretta tenester for innbyggjarane.

Regjeringa foreslår å overføre oppgåver innanfor m.a samferdsel, kultur, kulturminnevern, friluftsliv og næringsutvikling til dei nye regionane.

- Vi meiner at med ni regionar, herunder Hordaland/Sogn og Fjordane og Sunnmøre som ein region, kan ein gå betydeleg lenger enn dette i å overføre oppgåver. Til dømes kan fagskule, høgskule og eit heilskapleg ansvar for veg og næringsutvikling vere mulige nye oppgåver for dei nye regionane. Vi føreset også at ein med sterke regionar kan gå mykje lenger enn i dag i å flytte ut statlege arbeidsplassar frå Oslo til dei nye regionane, meiner ordførarane.