Eit framlegg om grønare mat og ein kjøtfri mandag  i fylkeskommunale kantiner vart tungt å svelgje for fylkespolitikarane.

- Skal vi fylkestinget bestemme om vi skal ete gras eller gris? Det er direkte tøv, sa Frank Sve (Frp).

Det vart heitt på talarstolen i fylkestinget i Møre og Romsdal då John John Bruseth ville ha tiltak for ein grønare meny på kantinene ved dei fylkeskommunale skulane og på fylkeshuset. Særleg fekk framlegget om å innføre ein kjøtfri måndag opp temperaturen.

Han var slett ikkje den einaste som reagerte på interpellasjonen frå Miljøpartiet dei grøne sin representant. Både fylkesordførar Jon Aasen (Ap), Heidi Nakken (H) og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde var sterkt skeptiske til fjerne skinka fra rundstykka. Ein ting er sunn mat, men at politikarane skulle bestemme dietten til dei tilsette i fylkeskommunen, var vondt å svelgje.

Meir vegetarmat

I framlegget til vedtak ba Bruseth om at fylkeskommunen må arbeide for å auke andelen vegetarisk mat i fylkeskommunal matservering, inkludert på politiske møter, til 20 prosent for å nå dei nasjonale måla for klimagassutslepp. Som  tiltak for å nå dette målet ba han om at vegetarisk mat skulle gjerast tilgjengeleg ved sidan av kjøt og fisk kvar dag i kantinene.

I tillegg ba han om at fylkeskommunen måtte løfte fram vegetarisk mat ein dag kvar veke på kantinene gjennom styrka tilbod og bruk av informasjonsmateriell, til dømes «Meatless Monday».

Eva Vinje Aurdal (Ap) ga ei utstrekt hand til interpellanten, og ba om at fylkesadministrasjonen skulle undersøkje haldninga til framlegget hos dei tilsette.

Framlegget til Bruseth fall med 21 mot 26 stemmer.