Ho og Karin Dale Døving, Lilly Sandnes og Lars Martin Smoge har noko til felles: Alle bur Norddal, og alle vart fødde i 1916 – for hundre år sidan.

– Eg bur heime, og er litt kry av det. Men så er eg berre ungdomen mellom oss fire. For eg fyller hundre først i desember, seier Nikka til Sunnmørsposten.

Det var Storfjordnytt som samla dei fire til fotografering nyleg.

Biletet stod på trykk på 100-årsdagen til Karin Dale Døving 7. april.

Nei til EU!

Karin kan sjå tilbake på eit innhaldsrikt liv, som bondekone, rosemålar, song- og diktskribent – og som ihuga EU-motstandar. Ho bur på aldersheimen no.

Lars Martin Smoge bli hundre år 3. mai. Han bur heime hos dottera, og seier til Storfjordnytt at han har god tru på at aktivitet og arbeid er med på å halde kroppen i form. Men hardt arbeid har også sett sine spor:

– Eg kjenner alderen frå fotsolane og opp i hovudet, seier Lars til avisa.

Trimmar litt kvar dag

Lilly Sandnes vart født i Ålesund 19. mai 1916, men flytta som sjuåring til Valldal.

– Eg har ikkje gjort noko for å bli så gamal. Eg prøver å trimme litt kvar dag – også hovudet, ved lese og skrive, seier ho til Sunnmørsposten.

Forstår ikkje reformen

Lilly er samfunnsinteressert, og no er det særleg kommunereformen ho er oppteken av:

– Eg forstår ikkje tanken bak reformen. Det har då aldri vore eit folkekrav å endre grensene. Lilly har vore engasjert i helselag, misjonslag – og i bondekvinnelaget. Lilly bur i dag i ei eiga leilegheit i nærleiken av Valldal sentrum, og trivst der.

Storproduksjon av bakst

Den fjerde jubilanten i år er kjendisen mellom dei, Nikka Grønning, som fleire gonger har vore på TV.

Ho vart født 9. desember 1916. Nikka, eller Nikkoline, som ho er døypt, bur heime.

Der driv ho stor produksjon av flatbakels.

– Eg har fått bestillingar til fem konfirmasjonar, så langt. To av dei skal ha hundre bakels kvar. I år trur eg ikkje at eg orkar å stille på den årlege husflidsmessa. Pågangen er blitt så stor på desse messene at eg måtte ha steikt tusen flatbakels, minst, seier Nikka Grønning.