Kommunereforma:

Store pengar på spel

Å ikkje slå seg saman med nokon vert dyrt både for Volda, Hornindal og Stryn.

Historisk: Ordførarane, Sven Flo (Stryn) Jørgen Amdam (Volda) og Stig Olav Lødemel (Hornindal) underteikna ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing torsdag ettermiddag.  Foto: SVEIN AAM

Nyheter

Namnet blir Stryn -Volda kommune og kommunesenteret skal liggje i Volda, dersom det verkeleg vert noko av intensjonsavtalen som var underskriven torsdag. For Volda er dette plan B.

– Vi ønskjer først og fremst ei samanslåing med Ørsta, seier ordførar Jørgen Amdam i Volda.

– Vil ikkje denne avtalen svekkje Ørstalternativet?

– Det kan både svekkje og styrkje det. Eg registrerer ei aukande misnøye i Volda når det gjeld måten forhandlingane med Ørsta har foregått på. Det gjeld den motviljen og mangelen på entusiasme som har vore frå Ørsta si side. Samstundes må vi spørre kva som skjer om Ørsta vert ståande åleine. Det kan endre med at dei sluttar seg til alternativet med Stryn og Hornindal, seier Amdam.

Hovudalternativet for Ørsta dersom det ikkje vert samanslåing med Volda er å halde fram åleine. For Volda er det eit dårleg alternativ. Sidan kommunen er mindre enn Ørsta vert Volda hardare råka av foreslåtte endringar i overføringane frå staten.

– Kommunen vil få ein inntektstap på 135 millionar dei neste 17-18 åra dersom ein ikkje gjer vedtak om samanslåing, skriv rådmannen i sakspapira til det neste formannskapsmøtet.

I tillegg kan ein ny Stryn-Volda kommune få ein eingongsstønad på 30 millionar og ein reformstønad på 20 millionar, skriv rådmannen.

Også Stryn og Hornindal har inngått ein intensjonsavtale seg i mellom.

– Men ei samanslåing som inkluderer Volda er det desidert beste. Eg meiner vi må sjå stort på det, og vil gjerne ha med Ørsta og Stranda også. Då hadde vi blitt landets største kommune på reiseliv, seier ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal.

Også Stryn-ordføraren har stor tru på samanslåing med Hornindal og Volda.

– Det er eit godt alternativ, og dersom fleire vert hekta på vil det styrkje posisjonen enno meir, seier Svein Flo.