Det var ein merkedag for samarbeidet mellom Nordfjord og Sunnmøre torsdag. Først vart ein intensjonsavtale om samanslåing mellom Volda, Hornindal og Stryn underteikna.

– Eg meiner vi må sjå stort på det, og vil gjerne ha med Ørsta og Stranda også, seier ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal.

Region

Dei tre ordførarane i Volda, Hornindal og Stryn er på hogget også når det gjeld regionreforma. Dei står bak eit opprop om å posisjonere seg i ein framtidig Vestlandsregion- kalla «Mørefjord».

Og torsdag kveld var politikarar frå størstedelen Nordfjord, og mange frå Sunnmøre, samla for å diskutere regionreforma.

– Målet er å kome i gang med diskusjonen. Og oppmøtet her i dag, på kort varsel, viser at dette er spennande og interessant på fleire måtar. Dersom vi som er her i dag ikkje pratar saman, kven skal då gjere det?, seier Jørgen Amdam, ordførar i Volda, og professor i samfunnsplanlegging.

Nytt kart

Ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal presentere eit nytt norgeskart der Sunnmøre var inkludert i ein ny Vestlandsregion.

– Eg registrerer at alle her er samde om at fylkesgrensa er øydeleggjande for å byggje ein bu og arbeidsmarknadsregion. Er det noko vi vil tape på så er det at fylkesgrensa ikkje blir fjerna mellom Sunnmøre og Nordfjord, sa Lødemel.

Vil samle Sunnmøre og Nordfjord

Ein annan Lødemel, stortingspolitikar Bjørn Lødemel frå Høgre, sa at han heiar på det vidare arbeidet med å integrere Sunnmøre og Nordfjord.

– De er spenstige og offensive, Hugs også at regionreforma kjem til å bli køyrd med hardare hand enn kommunereforma, sa Bjørn Lødemel.

Men Senterpartiet sine folk på møtet, slik som ordførar Jan Ove Tryggestad (Stranda) og Stein Aam (Ørsta) satsar på Møre og Romsdal som eigen region.

Det gjer også Hareid-ordførar Anders Riise, som tala for Sunnmøre regionråd.

– Eg har ikkje tru på at moldensarane vil spele på lag med Rosenborg og Trøndelag, sa Stein Aam.

Ordførarane Sven Flo (Stryn), Jørgen Amdam (Volda) og Stig Olav Lødemel (Hornindal) feirar intensjonsavtale med kake. Og dei vil ha samarbeid mellom Sunnmøre og Nordfjord også på regionnivå. Foto: SVEIN AAM