Det skal ha vore liknande demonstrasjon i 20 andre land rundt om i verda. Stryn var ein av få stader i Norge og einaste staden på Nordvestlandet.

Mot maktmisbruk

Aksjonistane understreka at det ikkje var ein demonstrasjon mot barnevernet, men mot det dei meiner er maktmisbruk i barnevernet.

Dei ønskjer respekt for menneskerettar.

Folk kom frå eit stort distrikt for å vere med i aksjonen i Stryn – blant anna frå Sunnmøre. Her var små barn med t-skjorter, der det stor «Kvar er søskenbarna mine?» og det var besteforeldre med plakat der det gjekk fram at dei må ha rett til å sjå barnebarna sine.

EU-politikar deltok

EU-parlamentarikar Tomas Zdechovsky frå Tsjekkia deltok på Skype. Han har engasjert seg i saka og sa mellom anna følgjande:

– Nordmenn er kjekke folk og de har eit fantastisk land, men barnevernet gjer mange feil og det må kritiserast. Det er uakseptabelt, og difor vil eg endre dette, sa han og la til at om det ikkje blir endring på dette vil Norge få eit problem med omdømet sitt.