Rekneskapen for Tussakonsernet i 2015 viser samla driftsinntekter på 762 millioner kroner, og eit driftsresultat på 97,2 millionar.

Tilsvarande tal for 2014 er 787,7 millioner i driftsinntekter og 77,6 som driftsresultat.

Omsetninga er redusert med 3,3 prosent, og hovudårsaka er lågare kraftprisar og omsetning innanfor installasjonsverksemda, skriv konsernet. I samme periode er driftskostnadene redusert med 6,4 prosent. Reduksjonen er mellom anna knytt til lågare varekjøp, løns- og personalkostnader.

Utbytet for 2015 er satt til 19,6 millioner kroner. Dette utgjer 6.460 kroner per aksje.

Tussa produserte 758,4 GWh elektrisk kraft i 2015. Til samanlikning vart det produsert 567,5 GWh i 2014.

Les også: Svakare frå Tussa