Sve er leiar for Framstegspartiet si gruppe i Fylkestinget. Han ser med stor uro på at ordførarar på søre Sunnmøre, med Volda-ordførar Jørgen Amdam i spissen, orienterer seg mot ein framtidig Vestlandsregion.

– Stopp ein halv, og set på bremsene. Vi må gjere det vi kan for å halde Møre og Romsdal saman, seier Frank Sve.

– Men splittinga er vel alt ein realitet?

– Eg tvilar på at nordmøringar går nordover. Det er berre Tidens Krav og nokre få ordførar som snakkar om å gå til Trøndelag. For den store hopen på Nordmøre er det ikkje noka kampsak å fare til Trøndelag.

Les også:

Arbeidsro

Sve meiner fylkesordførar Jon Aasen må få arbeidsro i arbeidet med å sikre at Møre og Romsdal overlever regionreforma.

– Å innleie samarbeid med Nordfjord er å bere stein til ryggsekken til fylkesordføraren. Iveren etter å diskutere kven vi skal vere saman med kan øydeleggje Møre og Romsdal, seier Sve.

Åtvarar: Fylkespolitikar Frank Sve (Frp) fryktar at diskusjonen om regionreforma skal splitte Møre og Romsdal. Arkiv

Frank Sve er ein erfaren samferdslepolitikar, og han sit i Vestlandsrådet, som er eit samarbeidsorgan mellom fylkeskommunane på Vestlandet. Erfaringane skremmer.

– I Vestlandsrådet betyr ikkje Nordfjord eit komma. Samferdsleprosjekt vert berre fjerna frå kartet. Sjå berre på riksveg 60 gjennom Hornindal, og Strynefjellsvegen. Det er utenkjeleg at det som skjedde med riksveg 60 i Hornindal kunne skje i Møre og Romsdal, seier Sve.

– Dette handlar vel om kva som skal vere plan B, dersom Møre og Romsdal ikkje vert eigen region?

– Eg har lært meg ein ting når eg har jobba med store samferdsleprosjekt, og det er at plan B, det snakkar vi ikkje om. Dersom vi har tru på plan A, så får vi gjennom plan A. Men vi kan kanskje ha ein plan A2, der Nordfjord er med, seier Sve.

Draum

Frank Sve sin draum er ein sterk region Møre og Romsdal, som også inkluderer Nordfjord og nokre kommunar i Oppland og Sør-Trøndelag.