Møtast om jordvern - mykje dyrkajord er borte

Møre og Romsdal er i landstoppen i forhold til å ta i bruk dyrka jord til andre formål.

LANDBRUK: Dyrka jord på storleik med 380 fotballbaner er i løpet av dei siste seks åra tekne i bruk til andre formål enn jordbruk på Nordvestlandet. ILLUSTRASJONSFOTO: SCANPIX 

Nyheter

I løpet av dei siste åra er dyrka jord på storleik med 380 fotballbaner tekne i bruk til andre formål enn jordbruk på Nordvestlandet. Dette er bakteppet for Jordvernkonferanse på Gjermundnes i Vestnes laurdag 21. mai, heiter det i ei pressemelding.

Målgruppe for konferansen er alle som på ulike måtar er opptatt av jordvern. Dette gjeld til dømes saksbehandlarar i kommunane, politikarar og planutval, bønder og andre som er opptekne av at folketalet aukar og at det difor trengst meir mat.

Arrangør er Landbruksmuseet, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag og den nystifta organisasjonen Jordvern Møre og Romsdal.