– I dét perspektivet er det veldig gledeleg at søkinga til lærarutdanninga i Volda aukar med 16 prosent, seier Kjøde til Sunnmørsposten.

Han vil ikkje gå så langt som å seie at årets oppgang bergar lærarutdanninga i Volda. Men at mange rundt om i landet er bekymra for den lokale lærarutdanninga, det legg han ikkje skjul på.

– Det er mykje bekymring knytt til 1 til 7-utdanninga rundt om i landet. På landsbasis er det litt over éin søkjar per studieplass, seier høgskuledirektøren.

Kan risikere nedlegging

– Lærarutdanninga er utruleg viktig både for oss og for regionen, understrekar høgskuledirektør Kjøde ved Høgskulen i Volda.

– Viss vi ikkje har nok søkjarar, kan vi risikere at utdanninga blir lagt ned. Det ville vore ei ulykke for regionen. Dei aller fleste kandidatane går ut i arbeid her i regionen, seier høgskulediretøren.

Også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er bekymra. På landsbasis har søkinga til grunnskulelærarutdanning 1–7 ein nedgang på 11 prosent samanlikna med i fjor.

– Eg er bekymra for nedgangen i søkinga til grunnskulelærarutdanning 1–7. Dersom søkinga til denne utdanninga ikkje betrar seg etter innføringa av femårig grunnskulelærarutdanning neste år, vil vi vurdere å setje inn særskilde tiltak, seier Røe Isaksen utan å spesifisere kva han meiner med særskilde tiltak.

For Volda er auken ekstra kjærkomen. Auken på 16 prosent gjer at dei no er omtrent på landsgjennomsnittet.

PPU aukar kraftig

Til gjengjeld har Volda ei enorm auke i søkinga til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i Volda.

– Det er over 730 søkjarar til PPU i år, nesten ei dobling frå i fjor. Og det har auka i fleire år, seier Kjøde og legg til:

– Gjennom PPU utdannar vi like mange som gjennom lærarutdanninga.

Skulen har rundt 100 studieplassar innan PPU.

– Vi må vurdere om vi skal utvide her, seier han.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook

Stabilt

For dei andre lærarutdanningane, grunnskulelærarutdanning for 5.-10. årssteg og barnehagelærarutdanninga, er søkjartala stabile, opplyser høgskulen.

For 5-10-utdanninga er det 1,7 søkjar per studieplass i Volda, og 1,8 for landet sett under eitt, opplyser direktøren.

Sosialfag og estetiske fag i vinden

– Sosialfaga ved HVO er også populære. Barnevernspedagogutdanninga har auka med 46 prosent. Der ser ein også ein nasjonal oppgang, men den er ein del lågare enn auken ved HVO. Sosionomutdanninga held fram med gode søkaratal. Den har ein oppgang på sju prosent frå fjoråret, og søkartalet er det høgste nokon gang, opplyser Høgskulen i Volda.

Journalist

Også journalistutdanninga aukar og har no fleire søkarar enn journalistutdanninga i Bergen.

– For første gong på fem år aukar søkartalet til journalistutdanninga i Volda, og ligg 11 prosent høgare enn 2015. HVO har med det gått forbi Universitetet i Bergen når det gjeld talet på førsteprioritetssøkarar, og berre journalistutdanninga i Oslo har fleire søkarar i landet. I tillegg er det også ein markant vekst i søkartala til mastergraden Dokumentar og journalistikk, opplyser Høgskulen i Volda.