Ein bilførar vart meldt til politiet for å ha nekta å vedta eit forenkla førelegg, då Utrykningspolitiet hadde fartskontroll på riksveg 15, nærare bestemt på Skredestranda i Eid, onsdag.

Under kontrollen vart det skrive ut fem slike førelegg, og høgste fart i 80-sona var 98 km/t.