Ein ung mann frå Herøy er dømd til 18 dagar fengsel på vilkår etter ei forbikøyring i Bergen.

Ifølgje dommen frå Søre Sunnmøre tingrett blei bilen mannen køyrde målt til 92 km/t etter at han hadde køyrt forbi ei drosje i ei 50-sone.

Mannen må også betale 10.000 kroner i bot. Vidare er han frådømt førarkortet i elleve månader og må ta full ny førarprøve for å få det tilbake.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook