– Sambandet mellom Eidsdal-Linge vil i år få inn B-ferja frå og med fredag 13. mai til og med tysdag 31. mai.

Eit tilbod som kjem i tillegg til sommartilbodet i juni og august.

Dette gjeld likevel ikkje 14., 17., 21. og 28. mai, der den ordinære rutetabellen blir følgt, seier Stig Helle-Tautra, seksjonsleiar i fylkeskommunen.

– Sambandet mellom Sølsnes-Åfarnes vil køyre med B-ferja frå og med måndag 13. juni til og med søndag 11. september. B-ferja vil som tidlegare vere i rute mellom kl. 11.00-19.00, eller forskyvd i samhøve med trafikkbehovet, og ha same frekvens som tidlegare, legg Helle-Tautra til.