Det handlar om plasseringa av ein såkalla fleirbrukshall i Ørsta, til ein pris på minst 150 millionar kroner. Saka har versert i åresvis, og i dag, torsdag skal kommunestyret gjere endeleg vedtak.

Fram til innspurten har dei fleste rekna med at hallen, som også skal innhalde eit stort symjebasseng, skal liggje på Mosflata. Dette er eit sentrumsnært område som har vore regulert til idrettsformål, og tomta står klar. Men no seglar ei alternativ plassering mellom ungdomsskulen og Ørsta stadion opp som favoritt på oppløpssida.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook

- Mosflata er for langt vekk for skulen, seier elevrådsleiar Torstein Mo Vatne ved Ørsta ungdomsskule.

Dei 350 elevane fekk fekk fri for å markere sitt standpunkt i samband med at kommunestyret var på synfaring torsdag ettermiddag.

- Det er mange fordelar med å ha hallen her ved skulen, seier Kristine Flem i Elevrådet.

Også fleire andre instansar knytt til skulen har ivra sterkt for plassering tatt opp til både barne- og ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Og rådmannen meiner dette set saka i nytt lys.

- Ei plassering nær sentrum og skulane vil gi betre infratrukturløysingar og styrkje sentrumskvalitetane i Ørsta, skriv rådmannen i tilrådinga, som kommunestyret skal ta stilling til torsdag ettermiddag.