Får bygge Hurtigrute-skip:

Glede ved Kleven

– Dette er viktig for heile Ulstein-samfunnet, ja, det gir ringverknader i heile regionen, smiler klubbleiar Olav Høydalsvik ved Kleven.

Stig Vattøy (f.v.), Lars Åge Torvanger og Olav Høydalsvik gler seg over nyheitar som kom torsdag. Dei har vore med og bygd hurtigruter før, men dei nye som no skal byggjast ved Kleven, blir endå flottare.  Foto: ANNE-MARI TOMASGARD

Olav Høydalsvik er klubbleiar i Fellesforbundet. Malene Liavaag er TAF-elev, men har fått jobb som industrimekanikar ved verftet når ho er ferdig. Målet er å bli ingeniør og utdanne seg innan industridesign. Kanskje blir Kleven også arbeidsplassen hennar ein gong i framtida.  Foto: ANNE-MARI TOMASGARD

Nyheter

Det var berre glede å spore ved Kleven verft torsdag ettermiddag, då dei tilsette fekk nyheita om at det er signert intensjonsavtale om bygging av nye hurtigruter.

– Det er ikkje kakedag i dag, men folk er like gira for det, smiler kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund.

Blei overraska

Kontrakten om bygging er altså ikkje i boks, men dei tilsette reknar med at alt no går i orden.

– Vi har høyrt snakk om dette i nokre månader, og vi visste at vi var med vidare, men det kom likevel som ei overrasking på oss, fortel Stig Vattøy,

– Dette er kjempegreier, seier Lars Åge Torvanger.

Har bygd hurtigruter før

Sjølv om det for tida er mykje arbeid på gang ved verftet, er dei tilsette glade for at dei er sikra meir arbeid framover.

Vattøy har vore med og bygd hurtigrutene "Nordkapp", "Nord-Norge" og "Finnmarken". 

– No blir det ein ny bolk med hurtigruter, og det blir interessant. Dei førre var store og mektige. Det var store båtar i si tid, men desse her blir endå større, konstaterer Vattøy som syntest skipa likna litt på Titanic. I alle fall fekk han assosiasjonar til det når han såg bilda som var laga til med hurtigruta ved isfjell.

Betyr alt

Og klubbleiar Olav Høydalsvik i Fellesforbundet gler seg over det nye arbeidet som er i sikte:

– I desse tider betyr dette alt. Sjølv om vi har hatt arbeid, så går 2017 fort, seier Høydalsvik og legg til at dei måtte ha nye kontrakter før sommaren for å vere sikra.

– Viss det blir arbeid langt ut i 2020, då blir eg jo pensjonist, smiler Vattøy.

– Ja, då lyt vel eg også gi meg, humrar Høydalsvik og legg til at han kunne ha vore pensjonist allereie.

Tiltru til skipsnæringa

To som også gler seg over nyheitar er TAF-elev Malene Liavaag og lærling Hilde Kristin Thomassen:

– Dette er heilt supert, seier Thomassen.

– Det gir håp for framtida, tiltru til skipsnæringa og at ein framleis kan byggje skip i Norge. Det er bra å sjå at det ikkje berre er offshore-skip ein kan byggje, seier Liavaag og legg til:

– At Kleven blei valt blant elleve andre, er utruleg kjekt.