I to år har Irma Håvoll Sætre og Frode Sætre drive med sauehald, nærare bestemt med gammalnorsk spælsau, i Barstadvik i Ørsta.- I fjor fekk vi berre fire lam, men i år skjer det, fortel Irma.

Lamma to gongar på ti dagar

Og ikkje berre skjer det, for ei av søyene har det også skjedd på ein ganske så spesiell måte:

- 11. april fekk Svarta som ho heiter, sidan ho er heilt svart, to lam. Men då vi kom for å fôre sauane torsdag og ropte på ho, kom ho ikkje, seier Irma.

Då dei gjekk for å sjå etter søya, fann dei ho saman med fire lam, fortel matmor vidare.

- Den første tanken var at to av lamma høyrde til nokre av dei andre søyene, men då vi sjekka om nokon av dei hadde etterbyrd, fann vi kun slik hos ei av dei: Nemleg Svarta. Det var ho som hadde fått tvillingar ein gong til, ti dagar etter den første fødselen, seier Irma, framleis litt overraska.

Det første ho og mannen så gjorde, var å ta kontakt med ein nabo som har drive med sau i mange år.

- Ho fortalde at ho hadde høyrd om denne typen fødslar sjølv, men ikkje opplevd det, seier Irma. Ho delte difor opplevinga både på ei interesse-side for spælsau på Facebook, men også på si eiga, private side.

- Og det eg no har lært, som eg ikkje visste, er at sauene har ei livmor som er todelt, som faktisk muliggjer to parallelle svangerskap. Svarta har hatt to eggløysingar og blitt befrukta to gongar. Svangerskapa har så utvikla seg normalt i begge delar av livmora, men blitt sett i gang på to ulike tidspunkt, forklarar Irma.

- Skjer frå tid til anna

Leiaren i Eid sau og geit, Arve Dahl seier at fenomenet med to parallelle svangerskap hos ein og same sau er noko som skjer frå tid til anna, sjølv om det langt frå er vanleg.

- Sjølv hadde eg ei søye for tre år sidan som først fekk eitt lam, før det åtte dagar seinare kom trillingar frå same søya, fortel han.

At Irma Håvoll Sætre og Frode Sætre får oppleve ei tilsvarande lamming i år, er heller tvilsamt. Likevel, mogelegheita er der: For av dei 13 søyene er det framleis fem som ikkje har lamma.

Når det gjeld Svarta og lamma så har dei det bra, fortel Irma.

- Gammalnorsk spælsau kan gå ute heile året, men no for ein periode har den vesle familien fått flytte inn i sommarfjøsen. Alle lamma ser ut til å vere i fin form, sjølv om det eine var litt svakt i starten. Sjølv om også dei to minste lamma syg frå mor, må dei ha flaske som tillegg, og vi tenkte dei skulle få vere litt i fred, seier ho.

Gjer som meir enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook

To pluss to. Søya har altså fått to sett tvillingar, med ti dagars mellomrom. Foto: Frode Sætre