Høvet var å markere kravet som i dag vert lagt fram til landbruksforhandlingar: Bøndene krev ei ramme på 860 millionar kroner i år. Dette er 90 millionar kr ned frå fjoråret, men bøndene innser at det er tøffe lønsforhandlingar i mange andre yrke i kongeriket.

Appellane i Volda bar likevel bod om at mange vonar innektsgapet frå bøndene til andre kan tettast litt i år. Ordførar Stein Aam fortalde at han hadde vore oppe i 06-tida og mjølka kyrne sine.

– Men mest er eg oppteken av vilkåra for dei unge i landbruket framover, sa Aam mellom anna.