Skal Vestnes knytte seg nærare mot Rauma, eller mot Molde, eller mot Ålesund. I dag vil mange i Vestnes seie si meining. I tre valkrinsar opna stemmelokalet klokka 10.

Folk kan velje mellom dette:

  • Vestnes og Rauma etablerer ein ny kommune saman.

  • Vestnes står åleine som eiga kommune.

  • Blankt.

Protest

– Det er nok ein del som kjem til å stemme blankt fordi dei hadde ønskt fleire alternativ, seier adm.sjef Tone Roaldsnes i Vestnes.

I innbyggjarundersøkinga, der resultatet enno ikkje er kjend, var det muleg å svare på fleire alternativ. Eitt av dei var «Ei størst muleg sunnmørskommune der Ålesund er med».

Kan du svare? blir det også spurt om dette. – Er ikkje Vestnes best tent med å søke tilhørigheit til Ålesund? spør ein lesar.

Send inn ditt spørsmål til Vestnes kommune. Adm.sjef Tone Roaldsnes vil forsøke å svare også på valdagen.

Dilemma: Romsdal eller Sunnmøre

Ho seier at Møreaksen kan endre kvardagen for folk i Vestnes.

– Vestnes har tradisjonelt vore ei romsdalskommune. Pendlinga er størst mot Molde, og flest ungdommar går på VGS der. (...) Nye samferdselsløysingar kan endre dette, skriv Roaldsnes.

– Det er dette som er det vanskelege punktet for Vestnes, seier ho til Smp.no.

– Vestnes har interkommunale samarbeid både mot Molde og mot Ålesund. Det har tradisjonelt vore ei romsdalskommune. Nye samferdselsløysingar, som Tresfjordbrua og Møreaksen, kan gjere at innbyggjarane endrar kvardagsregionen, seier administrasjonssjefen.

Storfjord kommune

Det er heller ikkje sikkert at det er over og ut for ei stor landkommune på indre Sunnmøre. Svaret kan ligge i resultatet av innbyggjarundersøkingane.

– Kan du svare på om dere er interessert i samtaler med Storfjord kommune om det ikke blir mot Rauma for Vestnes? blir det spurt på Kan du svare?

Vanskeleg regionreform

Og ikkje nok med det. I bakgrunnen lurer Stortinget si regionreform.

– Regionreforma kan komplisere det enno meir for innbyggjarane i Vestnes, legg Roaldsnes til.

For dersom Møre og Romsdal ikkje blir ståande som eigen region, skal Vestnes då knytte seg sørover mot Bergen dit dei andre kommunane sør for Romsdalsfjorden truleg vil ønskje å gå?

Ni stemmelokale

Resultatet i Vestnes frå dagens folkeavrøysing er rådgjevande for kommunestyret.

Stemmelokala stenger klokka 20. Uansett kvar folk er manntallsført, er det muleg å stemme på desse stadene: Vike friskule, Gildeheim, Tresfjord fleirbrukshus, Skorgen grendastove, Myra kulturbygg, Ljosvang, Tomrefjord idrettsbygg, Bygdaheim, Rekdal fleirbrukshus. Dei fleste lokala opnar klokka 14.

I førehandsstemminga, som varte over tre dagar, var det relativ lav oppslutning. 203 av dei 5.359 stemmeberettiga ga si stemme på førehand, opplyser Roaldsnes.

Kan Vestnes behalde legesenteret?

Kan du svare? blir det også spurt om Vestnes får behalde legesenteret.

– Kan du svare på om Vestnes vil beholde legesenteret dersom vi slås sammen med Rauma? spør ein av Sunnmørsposten sine lesarar.

– Ifølgje avtalen skal der vere legekontor både i Vestnes og på Åndalsnes. Det skal også arbeidast for å få felles legevakt. Meir står det ikkje om dette i intensjonsavtalen. Heile intensjonsavtalen finn du på vestnes.kommune.no, skriv Roaldsnes.