- Det er tilstrøyming om lag som på ein vanleg val. I tillegg har veldig mange stemt på førehand, seier Kjartan Otneim i røystestyret for Åheim krins.

Med 646 røysteføre er dette ein av dei største krinsane i Vanylven. Ein av dei som stemte var Jonny Hellebust

Dei to hovudalternativa er samanslåing med Vågsøy og Selje til Stadt kommune, eller samanslåing med Sande, Herøy, Ulstein og Hareid til Runde kommune.  Det er tre ulike nei-setlar. Ein der det berre står nei, og to der dei som stemmer nei, kan velje om dei vil sørover eller nordover dersom det vert ja. Det er og ei blank stemmesetel.

- Eg stemde nei, fortel David Skorge. Han er snart 16 år, og stemmer ved val for første gong. For alle som er fødd i 2000 eller eldre har stemmerett.

- Eg meiner vi vert ein utkant om vi slår oss saman, anten det vert nordover eller sørover, seier David Skorge.

Åheim ligg i den sørlege delen av Vanylven, og har tette band til Nordfjord. Det kan ha sitt å seie for retningsvalet til dei som bur her. Alle ventar eit jamnt val i Vanylven.

- Men eg tippar på fleirtal nordover, seier Kjartan Otneim.

Også i Selje og Vågsøy er det folkeavstemming om kommunesamanslåing i dag.

Folk i Vanylven har seks alternativ å velje mellom. Foto: Svein Aam