OPPDATERT (SMP.NO): Lærar Ole Bjørn Hjellegjerde fortel på telefon frå Oslo torsdag ettermiddag at konkurransen har tjuvstarta. Ungdomsbedrifta «Brød-rett-hjem» har fått tredjeplass for beste forretningsplan. – Kjempestas, seier lærar Hjellegjerde. «Brød-rett-hjem» skal vere med i ni konkurransar til, men dei er fredag. Torsdag var sjølvaste statsminister Erna Solberg innom og fekk ein smakebit. Sjå video over.

Ungdomsbedrifta Generasjon Prestasjon frå Ålesund videregående skole er samstundes kåra til årets beste ungdomsbedrift i Norge på marknadsføring.

Var nervøse

– Vi tek til å bli litt nervøse no, seier Amalie Flo, ein av elevane som i dag tidleg drog til Oslo.

Norgesmeisterskapen for ungdomsbedrifter finn stad på Lillestrøm torsdag og i morgon.

– Vi skal konkurrere i 10 kategoriar, der «Beste ungdomsbedrift» står høgast. Det er vinnaren av denne som vert sendt til Sveits i slutten av juli, seier Katrine Mykløen Ødegård.

«Brød-rett-hjem» vann fylkesfinalen i mars, og har sett seg høge mål. Men også 18 andre ungdomsbedrifter kjempar om billett til Sveits.

«Brød-rett-hjem UB» har fleire typar brød, utvikla på kjøkenet til restaurant- og matfag ved Stranda vidaregåande. Tre av brøda er glutenfrie.

«Brød-rett-hjem» er ei tverrfagleg ungdomsbedrift, med elevar frå både entreprenørskap og frå restaurant- og matfag.Tre av brøda til «Brød-rett-hjem» er laga med kortreist mjøl frå Volda Elektriske Mylne.

Gjer som fleire enn 26.000 andre - lik smp.no på Facebook

700 brød

Som namnet på bedrifta fortel, har dei seld brøda på postordre, gjennom nettstaden brodretthjem.com.

– Vi har sendt nesten 700 brød gjennom Posten, frå Alta i nord til Kristiansand i sør, fortel dei driftige brødseljarane. I førre veke hadde dei siste produksjonsdag. Men dersom dei kjem til EM i Sveits må dei kanskje bake endå meir.

– Kva har de lært gjennom arbeidet med denne bedrifta?

– Ufatteleg mykje, alt frå å bake brød til korleis ein startar opp, driv – og no avviklar ei bedrift.

Liten skule

Sjølv om Stranda vidaregåande skule er den nest minste skulen i Møre og Romsdal som har ungdomsbedrifter, berre Gjermundnes i Vestnes er mindre, så har Stranda hevda seg i fleire år. Så seint som i fjor vann dei 1. prisen i NM for «Beste forretningsplan» og 2.-premie i klassa «gastronomi».

– Målet er å få like mange prisar i år, seier faglærar Per Alnes, som saman med rektor Jon Hjortdal og entreprenørskapslærar Ole Bjørn Hjellegjerde blir med til Lillestrøm.

Les fleire nyheiter frå Indre her

<strong>LÆRAR:</strong> Ole Bjørn Hjellegjerde er entreprenørskapslærar ved Stranda vidaregåande skule.