Ein mann i 30-åra frå Sande er i Søre Sunnmøre tingrett dømt til 60 dagars fengsel, og må også betale ei bot på 40.000 kroner for å ha hatt og brukt narkotika, for køyring i rus og for køyring utan gyldig sertifikat.

Mannen har tilstått alt han no er dømt for: 13. september i fjor i Herøy hadde han 96 ml av det narkotiske stoffet GHB. Sjølv om han ikkje hadde sertifikat og var rusa på narkotika sette han seg vidare bak rattet - ifølgje han sjøl for å besøke ei venninne. Køyreturen enda med eit trafikkuhell ved Moltu, og i retten forklarte mannen at han skulle svinge unna eit dyr. Bilen til mannen køyrde først inn i ein personbil. Denne vart deretter skubba inn i ein annan bil slik at det vart skade også på denne.

Mannen har vedgått at han dagen før bilsmellen eller same dag brukte mellom anna amfetamin, ecstasy, THC, GHB og det narkotiske stoffet klonazepam. Det var tatt blodprøve av han to og ein halv time etter køyreturen, og analyseresultata viser ei påverkning av klonazepam tilsvarande ein promille på over 1,2.

I tillegg til fengsel og bot er mannen også frådømt førarretten i fem år, rekna frå då køyringa skjedde. Han er tidlegare straffa to gongar for køyring i rus, tre gongar for å køyring utan gyldig sertifikat og ni gongar for narkolovbrot.

Retten ser det som skjerpande for straffa at køyringa enda med trafikkuhell med omfattande materielle skadar.

Gjer som meir enn 26.000 andre - følg smp.no på Facebook