«Avlusing aukar risikoen for dødelegheit og dårleg velferd signifikant», står det i den nye risikoanalysen for norsk oppdrettsnæring, frå Havforskingsinstituttet.

Den metoden som aukar mest er å bade fisken i vatn som er tilsett hydrogenperoksid. Denne metoden er i ferd med å bli dominerande fordi lusa har blitt heilt eller delvis resistent mot dei andre avlusingsmidla.

Aukar

I 2015 vart det brukt 43.246 tonn hydrogenperoksid i havbruksnæringa. Bruken av andre middel er relativt stabil. Hydrogenperoksid har både positive og negative sider, påpeikar risikoanalysen. Stoffet er betre for miljøet enn dei andre tradisjonelle lusemedikamenta, men fører til at meir laks døyr under behandlinga.

– Badebehandling er ei stor belastning for fisken, seier forskar Lars Helge Stien ved Havforskingsinstituttet.

Gjør som flere enn 26.000 andre - lik smp.no på Facebook

Brønnbåt

Havforskingsinstituttet sit ikkje på eksakte tal på kor mykje fisk som har stroke med under lusebehandlinga, men kan likevel dokumentere at problemet er aukande. «Eit tankevekkande resultat er det tydelege hoppet i auka dødlegheit frå vanleg badebehandling mot lus til badebehandling i brønnbåt», skriv HI.

– Bruk av brønnbåt har både positive og negative sider. Det vert lettare å dosere rett, men samstundes er sjølve pumpinga og trenginga av laksen ei utfordring, seier forskar Lars Helge Stien ved Havforskingsinstituttet.

Ny metode: Oppvarma vatn

Mekaniske metodar for avlusing, altså utan bruk av medikament, er på veg inn i oppdrettsnæringa. Ein slik metode er såkalla termisk avlusing, der det vert brukt oppvarma vatn til å drepe lusa, utan å drepe laksen. Også desse metodane har ført til episodar med neddreping av laks, men i risikoanalysen vert det peika på at denne teknologien er ny, og under utvikling.

– Eg trur vi vil sjå ei utvikling vekk frå bruk av medikament, med meir bruk av mekanisk avlusing, seier Lars Helge Stien.

Les fleire nyheiter her