Ap-politikar Tove-Lise Torve kjem ikkje til Hafast-konferansen som vert arrangert i Ulsteinvik onsdag, melder Vikebladet.

Årsaka er at tilsette ved Quality Hotel Ulstein, der Treffpunkt Hafast 2016 vert arrangert, er tekne ut i streik.

– Eg har stor respekt for spelereglane i arbeidslivet og ønskjer ikkje indirekte å støtte ein av partane ved å delta på eit arrangement ved eit etablissement der dei tilsette er i streik, skriv Torve ifølgje avisa.

Sjekk programmet for Hafast-konferansen her (ekstern lenke)

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no