Skogrydding langs norske kraftlinjer kostar årleg 400 millionar. I tillegg kjem kostnader til reparasjonar og bøter for manglande kraftlevering.

Sterk- skogprosjektet som no er sett i gang, har som mål å redusere desse kostnadene med 100 millionar kroner, ifølgje Mørenett.

Alternativ linjerydding

Kraftselskapa og forskarane ønskjer å finne måtar å gjere skogen langs kraftlinjene meir robust mot vêr og vind.

Om trea kan gjerast sterkare, kan ein på sikt redusere mengda av tre som ramlar på linjene og lagar straumbrot.

Det vil verte utvikla alternative former for linjerydding som ein skal prøve ut i praksis.

Haugen-Berknes forsøkslinje

Kvart av dei fire nettselskapa har valt ut ei linje som skal forskast på.

Mørenett har valt ut 132 kV-linja Haugen-Berknes som si forsøkslinje. Dette er ei linje som er svært viktig for straumforsyninga, samstundes som det er mykje stormutsett skog langs linja.

Støtta av forskingsrådet

Deltakarane i forskingsprosjektet er Norsk institutt for bioøkonomi, Meteorologisk institutt, Mørenett, Hafslund Nett, Trønder Energi og Eidsiva Nett.

Prosjektet er delfinansiert av Noregs forskningsråd.