Det seier Kjell Sandli, dagleg leiar i Hareid Fastlandssamband AS, etter å ha høyrd på dei røynde ingeniørane frå Statens vegvesen, Jørn Arve Hasselø og Magne Gausen.

Onsdag var dei på plass i Ulsteinvik, på arrangementet Treffpunkt Hafast 2016.

Møtte samferdselsministeren: Gunvor Ulstein krev fortgang for Hafast

Dei to la ikkje skjul på at dei tekniske utfordringane er store. Men etter å ha fullført første fase, moglegheitsstudiane, meiner dei at desse kan overvinnast:

– Med den planen vi har no, så er det realistisk å få til dette, seier Jørn Arve Hasselø til Sunnmørsposten.

Han er prosjektleiar for Hafast i Statens vegvesen. Saman med seg har han Magne Gausen, som er prosjekteringsleiar for Hafast i same etat.

BRU: Slik kan brua på nye E 39 over Sulafjorden bli sjåande ut. ILLUSTRASJON: Rambøll–Sweco–SVV

Brei fjord

Og det som er utfordringane er fjordkryssinga, anten det blir med bru eller røyrtunnel.

For fjorden er djup og brei. Og det er ofte mykje vêr og vind på Nordvestlandet – og stor båttrafikk, ikkje minst alle cruiseskipa som skal til og frå Geiranger.

– Viss vi ikkje trudde at det var mogleg å realisere desse planane, så hadde vi heller ikkje arbeidd med dei, seier Hasselø.Hafast er ein del av prosjektet «Ferjefri E39», som skal avløyse sju ferjestrekningar. Regjeringa har bestemt at på Sunnmøre skal denne vegen gå over Hareidlandet.

– Sulafjorden er kanskje den mest utfordrande fjorden av alle i dette E 39-prosjektet, legg Jørn Arve Hasselø til.

Kva det heile kjem til å koste, er høgst usikkert. Først må ein kome fram til dei grensesprengande, tekniske løysingane.Og ein skokk av ingeniørar er sett på saka. Det skal hentast inn all mogleg slags data. Grunnen skal kartleggast for kvar meter.

Kjempesprekk på Hordfast-sambandet: Kan framskynde Møreaksen

Fakta

– Vi er ferdige med moglegheitsstudiane. No er vi i gang med neste fase: konseptstudiane, som skal gje oss grunnlagsdata, seier dei to bruekspertane frå Statens vegvesen.

– Vi må nemleg ha alle moglege fakta på bordet. For vi er ikkje spåmenn, men ingeniørar, smiler Jørn Arve Hasselø.

Dei teknologiske kunnskapane blir verkeleg sett på prøve. For det er snakk om store dimensjonar. Til dømes vil ei bru, om ho blir lagt yttarst i Sulafjorden, frå Kvitneset og kortaste vegen over til Sula, få ei lengd på 3000 meter.

Og då ser ein for seg ei hengebru i eitt spenn over fjorden.Til samanlikning har Storebæltbrua i Danmark eit spenn på 1624 meter.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre på smp.no