- Desse pengane kjem veldig godt til nytte. Eg er stolt av å ta imot gåva og lovar å bruke pengane til noko som kjem mange til nytte i mange år, seier Cecilie Rønstad Teunissen, leiar for Krisesenter for Sunnmøre.

Torsdag tok ho mot sjekken på 25.000 kroner, som er ei gåve frå kvinner i Ørsta.

200 på kvinnedagsfeiring

Fem kvinner stod for arrangementet som var i Ørsta kulturhus 8.mars, på kvinnedagen. Desse er Nina Vedeld Telseth, Janne M.G. Skarstein, Maria Halse, Aslaug Marit Øyehaug, Linda Otneim og Inger Sundnes.

Og dei gler seg over godt oppmøte og stort overskot. Over 200 kom på arrangementet. Pengane kom inn på inngangsbillettar og lotteri. Dei fekk inn mange flotte gevinstar, og mange bidrog med kulturinnslag, mat og appellar.

- Vi er svært glade for at vi fekk eit overskot i det heile. I forkant undra vi oss om dette ville gå opp, og eg var faktisk innom tanken om at dette arrangementet kanskje kunne gå til underskot som vi privat måtte dekkje, seier Nina Vedeld Telseth som leia festgruppa.

Sprengd kapasitet

Kvart år har Krisesenter for Sunnmøre, som held til i Ålesund, rundt 2500 liggedøgn.  Dette er fordelt på mellom ca. 50 kvinner og 60 barn. Teunissen fortel at dei som brukar senteret er frå alle samfunnslag, fattig og rik, fleirkulturelle og norske, høgt utdanna og lavt utdanna.

- I år har vi hatt mange, og eg håpar at vi ikkje slår rekorden. Ni gonger sidan januar har vi hatt sprengt kapasitet, seier Teunissen og legg til at det skal bli godt å få flytte inn i nytt senter, der ein aukar talet på rom frå seks til ti.

Får nytt krisesenter

Pengane frå Ørsta skal brukast på utearealet ved det nye krisesenteret. Byggestart for det nye senteret er like om hjørnet og målet er å vere inne i mai neste år.

- Hos oss kan ikkje kvinner gå fritt. No vil vi tilby ein trygg uteplass med god sitjegruppe og utepeis. Dette er ein luksus som vi ser fram til å få, seier Teunissen og legg til at det også blir trampoline og leikeapparat i hagen.