I Ålesund ivrar ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) for ein stor regionkommune som også inkluderer Haram. Men Haram Arbeidarparti vil ikkje slå seg saman med Ålesund.

Dette er overraskande, skriv gamleordførar Bjørn Sandnes (H) i Haram i eit lesarinnlegg. Saman med Ewa Hildre og Bente Bruun frå Haram Høgre kjem Sandnes med si anbefaling: Haram bør gå inn i ei storkommune.

– Dette er ein unik sjanse til å etablere ei ny slagkraftig og robust region kommune for dei neste 30-40 åra, skriv dei.

– Var veldig positiv – men snudde

Men Siv Katrin Ulla, leiar i Haram Arbeiderparti, har landa på sin konklusjon.

– Eg var veldig positiv til storkommune då vi byrja på denne prosessen, fortel ho til Sunnmørsposten.

– Og eg har brukt mykje tid på å setje meg inn i dette. Det har gått ut over nattesøvnen også, fortel politikaren, som også er frivilligkoordinator i Ålesund og har mykje med byen å gjere.

Men i fjor var det ein konferanse om reforma, med kommunalminister Jan Tore Sanner og Eva Vinje Aurdal på podiet. Der kom tvilen, fortel Haram-politikaren.

– Eg hadde gledd meg til kva Sanner hadde å seie. Men då gjekk det opp for meg kor lite dei eigentleg veit, og då fekk eg tvil. Eg tenkte at herlighet, så mange spørsmål, og så få svar, fortel Ulla.

– Men eg tenkte at det sikkert ville bli meir klarheit i kva som blir konsekvensane for dei kommunale tenestene. Men tvilen vart berre større og større. Eg har site ved forhandlingsbordet også, og intensjonsavtalen er blitt veldig lite konkret og ikkje bindande nok. Til dømes kan vi ikkje vere sikre på at tenestene vil bli betre, det kunne vi ikkje skrive i intensjonsavtalen, seier Ulla.

Gevinstar og musklar

Ulla anbefaler gjerne mindre kommunar å vurdere å slå seg saman.

– Hadde eg budd i ein mindre kommune, som Stordal, så hadde eg vurdert samanslåing. Men vi kan ikkje samanlikne Stordal og Haram. Haram har eit næringsliv og mange innbyggjarar å ta omsyn til. Haram er den tredje største kommunen på Sunnmøre, seier Ulla.

Ved ikkje å gå inn i ein storkommune, taper Haram rundt 500.000 kroner samanlikna med i dag dersom dagens forslag til finansieringsmodell blir vedtatt i Stortinget. Dette er ikkje avskrekkande, syns ho.

Samarbeid må til

Skal Sunnmøre vere ein blomstrande region om 30-40 år, så må det samarbeid til, skriv Haram Høgre i lesarinnlegget:

– Her meiner vi at regionkommunen vil vere mykje meir framtidsretta og slagkraftig enn den strukturen vi har i dag. Går randkommunane til byen saman med Ålesund, kan vi drive næringsutvikling på ein måte som set regionen vår tydeleg på kartet nasjonalt og internasjonalt, skriv dei tre i ytringa.

At samarbeid er viktig er Ulla heilt einig i.

– Vi må stå i lag om eit regionsamarbeid. Alle kommunar er interessert i å skape eit sterkt Sunnmøre. Vi trur berre ikkje at vi treng å vere ein del av Ålesund kommune. Og det er også andre som vi vil samarbeide med. Om Ålesund ikkje vil ha noko med dei omkringliggande områda å gjere etter kommunereforma, så viser dei i tilfelle liten vilje til samarbeid. Legevakt, krisesenter, det er mange samarbeid som er vanskeleg å løyse opp. Eg ser vanskeleg for meg at det berre skal slutte, seier Ulla.

Demokratiet

Det største ankepunktet for Ulla er lokaldemokratiet. Ho medgir at vesle Sandøy har eit betre lokaldemokrati enn Haram, med fleire politikarar til å representere innbyggjarane. I ein regionkommune Ålesund med 10 kommunar blir det 77 i kommunestyret, utan garanti for representantar frå Haram.

– Men dei interkommunale samarbeida har vel også sine problem, med mindre demokratisk kontroll enn om det var eit kommunalt selskap.

– Det er politikarane som legg premissane. Og Haram er representert i dei aller fleste styra i dei interkommunale selskapa vi er med i, svarer Ulla.

Les heile innlegget frå Haram Høgre her