Saga og Nobel, som dei to nykommerane heiter, er jordbærsortar utvikla for norske forhold, der smak, haldbarheit og overvintring er viktige eigenskapar, skriv Graminor på sine heimesider.

Begge sortane er resultat av kryssingar utførte i 2004, og dei peikte seg tidleg ut i foredlingsprogrammet som lovande. Siste gong ein norskutvikla jordbærsort vart rettsbeskytta, var i 2008.

Saga er kombinasjonssorten for konsum og fabrikk, med god smak. Nobel blir karakterisert som ein testvinnar i smakstestar, eigner seg svært godt til friskkonsum, og er litt mindre enn Saga.