Ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda såg tidleg torsdag kveld kva veg det bar i samanslåingsrøystinga om Ørsta. Men at nærare 70 prosent av voldingane sa nei til Ørsta var i følgje Amdam eit i overkant tydeleg signal. – Det blir nok samanslåing likevel. Om ti år eller noko slikt, sa Amdam lettare ironisk, og viser til at denne tanken har vore tenkt høgt også for ti år sidan.

Gravlegg samanslåing

Amdam nytta likevel høvet til klart og tydeleg å gravleggje tanken om ei snarleg samanslåing mellom dei to nære grannekommunane. Han nytta også same høvet til å gje eit spark til kollega Stein Aam i Ørsta, og dei som har vore med og forhandla.

– Dei har heile tida synt ei svært tydeleg negativ innstilling til samanslåing, og det har folk fått med seg både i Ørsta og i Volda, konkluderer Amdam.

Sjukehusmobilisering

Jørgen Amdam seier seg imponert over den store valdeltakinga, over 52 prosent i Volda.

– Det er tydeleg at ulike aksjonar på sosiale media i det heilt siste har slått ut på det uventa klare nei-standpunktet i Volda. Mellom anna har kommunelege Bent Ingebrigtsen i Hornindal gjort synleg at eit nei til Ørsta kan opne for samarbeid med nordfjordkommunane Hornindal og Stryn. Dette kan i sin tur vere med og sprengje helseforetaksgrensene, og dermed styrke Volda sjukehus, seier Amdam.

Slepp Ørsta

– No kan vi ta opp att tråden med nordfjordingane om vi vil. Og så slepp vi å dragast lenger med motvillige ørstingar, for å seie det rett ut. Det er på tide å innsjå at det var umuleg å kunne oppnå eit samanslåings-ja frå Ørsta under alle omstende, konkluderte Jørgen Amdam straks valresultatet i eigen kommune var klart.