Det viser resultatet av innbyggjarundersøkinga i Skodje kommune.

OBS: Denne saka blei skriven før resultatet av folkerøystinga var klart. Resultatet av folkerøystinga viste motsett resultat: Fleirtal for Storfjord kommune.

Skodje kommune har valt å halde både folkerøysting og gjennomføre ei spørjeundersøking om kommunereforma. 300 personar har delteke.

LIVE-STUDIO: Her får du siste nytt om kommunereform

Meiner Ålesund er beste alternativ

Signifikant fleire meiner Ålesund kommune er det beste alternaitvet.

52 prosent har svart at Ålesund er beste alternativ, medan 38 prosent svarte Storfjord kommune.

Ti prosent veit ikkje eller har ikkje svart.

Positive

47 prosent stiller seg positive til at Skodje kommune dannar ei ny kommune med andre kommunar. Dette er langt fleire enn dei som er svært eller ganske negative (24 prosent).

Det er fleire over 45 år enn under som er svært positive, medan det er fleire under 29 som seier at dei verken er negativ eller positiv.

Haram må med - eller Ørskog

Det er ikkje sikkert at alle kommunane blir med i dei ulike alternativa.

På spørsmål om kven som i det minste skal bli med for at samanslåing skal ha nokon hensikt, svarar nær halvparten Haram og Ålesund for Ålesund kommune.

Medan to av tre svarar Ørskog av dei fire kommunane som kan bli Storfjorden kommune.

Trur det blir delt

Tidlegare Skodje-ordførar Terje Vadset trur resultatet av folkerøystinga vil vere meir negativt til Ålesund storkommune enn dei som svarte på undersøkinga.

- Det er vel gjerne neisida som vil stå på barrikadane og gå til urnene, medan dei i undersøkinga berre har blitt spurt og må svare, seier han.

- Men veldig negativt til Ålesund trur eg ikkje at det blir.