– Kjellen har vi ikkje sett her, nei. Han står ikkje i manntalet vårt, men vi har hatt mange som liknar på han, smiler Willy Nesset.

Røystestyret i Bigset bedehus rapporterter om god stemning og jamn straum av folk innom i løpet av dagen.

Folk i alle aldrar

Mange vil seie meininga si om framtidig kommunestruktur, men kva dei har stemt, blir ikkje kjend før i ti-tida onsdag. Og Nesset kan ikkje seie noko om kva veg vinden bles i krinsen.

– Vi prøver å vere nøytrale, seier han.

Han kan heller ikkje seie kor stor prosentdel av dei 750 røysteføre som har vore innom og nytta stemmeretten.

– Men eg synest det har vore bra. Det har vore eit jamt trykk, og det har vore ein god miks av folk, i alle aldrar, fortel Nesset, like før vallokalet stenger klokka sju.

Vil ha Hareid som no

I forhold til eit vanleg val, er folkerøystinga meir effektiv, med berre eitt ark å levere. Folk i Hareid kan velje å stemme for Hareid kommune som no, regionkommune Ålesund og Runde kommune.

– Eg vil ha Hareid som no, seier Bjørn Helge Sætre (34) etter å ha levert stemmesetelen.

Og han forklarer:

– Det er mykje store kommunar, og dei andre er fleire enn oss, så eg trur det er greitt at vi er skilde frå dei. Det trur eg mange her meiner, seier han utan å ville spå det endelege valresultatet.

VAL: Bjørn Helge Sætre er ein av mange som har brukt stemmeretten sin under folkerøystinga i Hareid torsdag. Dei som sit bak bordet er fv. Leidulv Grimstad, Sølvi Bjåstad Gjerde og Linda Riise. Foto: ANNE-MARI TOMASGARD