Siste nytt: Følg vårt livestudio om kommunereformen

Undersøkinga vart gjennomført i byrjinga av april, rett etter at intensjonsavtalen om Runde kommune vart underskriven.  500 av innbyggjarane i Ulstein har delteke.

Av desse er 56 prosent for samanslåing med Hareid, Herøy , Sande og Vanylven til Runde kommune. 31 prosent er mot, medan 12 prosent ikkje har gjort seg opp ei meining. Det er med andre ord eit klart ja-fleirtal i Ulstein i undersøkinga, som er gjort av Opinion AS på oppdrag frå Ulstein kommune.

Det er fleirtal i alle aldersgrupper, unnateke dei over 60 år, der det er like mange for som imot.

– Meir attraktiv

Av dei spurde meiner 43 prosent at ei samanslåing gjer ytre søre Sunnmøre meir attraktiv, medan 12 prosent svarer «mindre attraktiv.» Dei fleste trur at fagkompetansen og samfunnsutviklinga vert betre, men at lokaldemokratiet vert dårlegare.

Hareid som alternativ

Folk i Ulstein er og spurde om kva for alternativ dei føretrekkjer dersom det ikkje vert samanslåing mellom dei fem ytre-kommunane. 63 prosent svarer at Ulstein bør slå seg saman med Hareid.

24 prosent meiner Ulstein bør halde frå som eiga kommune, medan 11 prosent støttar eit regionkommunealternativ der Ålesund er inkludert. Aldersgruppa under 30 år er mest positive til å halde fram åleine. Aldersgruppa over 60 år er minst positive til ein regionkommune ( 7 prosent), og seier i aller størst grad ja til Hareid (72 prosent).

Ulstein kommune vil bruke spørreundersøkinga som eit supplement til den rådgjevande folkeavstemminga i dag, der temaet er ja eller nei til Runde kommune.