Skodje:

Sprikande mellom Ålesund og Storfjord

Fleirtal for Storfjord kommune i folkerøystinga i Skodje. Medan spørjeundersøkinga viste fleirtal for Ålesund.

Vil til Ålesund Anton Molnes har stemt på regionkommune med Ålesund.  

Fakta

Innbyggjarane i Skodje kommune kunne velje mellom følgande alternativ:

1. Ålesund kommune: Med Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven, Ørskog og Ålesund.

2. Storfjord kommune: Norddal, Skodje, Stordal og Ørskog.

3. Blank stemme.

Nyheter

Resultatet etter folkerøystinga i Skodje viser at nær halvparten (47,8 prosent) av innbyggjarane er for Storfjord kommune. 40,2 prosent stemte for Ålesund kommune, medan 12 prosent stemte blankt.

Dette er resultatet når 38 stemmer ikkje er talt opp (2,8 prosent).

Resultatet etter folkerøystinga sprikar med spørjeundersøkinga, der eit fleirtal var positive til Ålesund heller enn Storfjord.

LIVE-STUDIO: Her får du siste nytt om kommunereform

Låg oppslutnad

- Her gir undersøkinga eitt svar, og folkerøystinga eit anna. Det er ikkje akkurat gunstig, seier ordførar Dag Olav Tennfjord (H).

Han hadde og håpt på større valdeltaking.

- Oppslutnaden er på 36 prosent. Det er overraskande mange som ikkje bryr seg. Det svekker utslagskrafta i folkerøystinga.

LES OGSÅ:

- Vil vi bli høyrt?

Aurdals drøm rakner

Trur dei fleste støtter samanslåing

Innbyggjarane i Skodje hadde ikkje som alternativ å stemme for å stå aleine, men 12 prosent stemte altså blankt.

- Spørjeundersøkinga viste at ti prosent vil stå aleine, så det er eit klart mindretal, seier Tennfjord.

Resultata frå dei andre kommunane torsdag tyder på lav oppslutnad rundt regionkommunen Ålesund.

- Raknar draumen om stor-Ålesund no?

- Det har ikkje vore tvil om at det mange stadar har vore betydeleg skepsis. Dei store vil slå seg saman med dei små, mens dei små er skeptiske til dei store. Det er ønskeleg at fleire er med i samtaler med Ålesund, men vi veit at dei er interesserte i å strekke seg langt, seier Tennfjord.

- Men no må vi først fordøye resultata, ha nye samtaler og sjå på intensjonsavtalane på ny.