– Det blir tvang. Stortinget har bestemt at det skal bli en kommunereform, og det vil det bli. Og spesielt etter denne folkerøystinga, vil det bli opplevd kjempenegativt av folket i Sula, seier Vibeke Bjørkavåg. Ho leiar partigruppa i kommunestyret, der fire av fem Høyre-politikarar seier ja til samanslåing med Ålesund i ein storkommune. Resten av dei 29 Sula-politikarane i kommunestyret seier nei til å gå i lag med Ålesund. Sjølv flagga Bjørkavåg sitt ja-standpunkt etter at intensjonsavtalen med Ålesund og åtte andre nabokommunar vart klar.

Ho var med i forhandlingsgruppa som jobba fram avtalen. – Regionkommunen vil gi styrke, og då hadde Sula blitt høyrd. Det vil gi ein god by, meiner ho.Bjørkavåg seier at det store nei-fleirtalet er som ho hadde forventa. Nesten 9 av 10 veljarar i Sula seier nei til Ålesund.

Ho meiner like fullt at det ikkje er framtid for småkommunar i Norge. Det er eit standpunkt det ikkje berre er enkelt å ha i vesle Sula, sjølv for ein elles populær lokalpolitikar. – Men eg har fått utruleg mange positive tilbakemeldingar, også frå politiske motstandarar. Vår jobb som folkevalde er å ta stilling både i populære og upopulære avgjerdsler, seier ho.