Kommunereform:

Her finner du alle resultata etter folkerøystingane

13 kommunar hadde folkerøystingane om kommunereform torsdag. Her finner du alle resultata.

  Foto: Sofie Svanes Flem

Nyheter

Les alle artiklane om kommunereformen i vårt livestudio

Giske kommune:

78,6 prosent (1802 røyster) for Giske åleine.

17,5 prosent (415 røyster) for regionkommune Ålesund.

3,8 prosent (86 røyster) "veit ikkje".

Valdeltaking på 42,7 prosent, 2303 røyster av 6138 røysteføre.


Haram kommune:

Slå seg saman med Sandøy: 52,1 prosent (1390 røyster)

Halde fram som eigen kommune: 28,7 prosent (766 røyster)

Slå seg saman med regionkommune Ålesund: 19,1 prosent (511 røyster)

Valdeltaking: 36,8 prosent (2667 røyster av 7257 røysteføre)


Hareid kommune

Hareid som no: 1233 røyster (72,9 prosent).

Regionkommune Ålesund: 186 røyster (10,9 prosent).

Runde kommune: 252 røyster (14,5 prosent).

Blanke: 27 røyster (1,6 prosent).

Røyster totalt: 1698 (44,2 prosent).


Herøy kommune:

Halde fram som eiga kommune, 1604 røyster (63 prosent).

Slå seg saman med Sande 480 røyster (18,8 prosent).

Slå seg saman med Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven, 436 røyster (16,8 prosent).

Blanke røyster: 40 (1,5 %).

Valdeltaking 39 prosent.


Norddal kommune:

I Norddal ønsker 44,9 prosent at kommunen skal halde fram aleine.

Landkommune saman med ein eller fleire av kommunane Stordal, Ørskog, Skodje: 19,2 prosent

35,9 prosent har røysta blankt i kommunen.

Frammøteprosent 48,3 prosent.


Sande kommune:

Resultatet frå folkerøystinga viser at 51,4 prosent av dei som røysta seier ja til å danne ei ny kommune saman med ytre søre Sunnmøre.

42,7 prosent for Sande aleine

5,9 prosent blankt.

Valdeltakinga var 42,5 prosent.


Skodje kommune:

Regionkommune Ålesund: 40,4 prosent

Landkommune (Storfjord): 47,7 prosent.

Blank: 11,8 prosent.

Oppmøteprosent: 36,7 prosent


Stordal kommune:

Nei: Stordal kommune bør ikkje gå inn i ein ny kommune: 215 røyster og 53,9 prosent.

Landkommune saman med ein eller fleire nabokommunar (Skodje, Ørskog og Norddal): 137 røyster og 34,3 prosent

Regionkommune saman med Ålesund og fleire nabokommunar: 33 røyster og 8,9 prosent.

Blanke røyter: 2,3 prosent

Valdeltaking 48,5 prosent (399 av 822 røysteføre).


Sula kommune:

Sula kommune bør bli ein del av regionkommunen Ålesund: 370 røyster - 10,1 prosent

Sula kommune bør halde fram som eigen kommune: 3215 røyster - 89 prosent

Veit ikkje/blank røyst: 32 - 0,9 prosent.

53,8 prosent av dei røysteføre har røysta.


Ulstein kommune:

24,6 prosent røysta på alternativet "Eg vil at Ulstein skal danne ein ny kommune saman med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven".

62,8 prosent røysta på alternativet "Eg vil at Ulstein skal halde fram som eigen kommune".

3,4 prosent røysta på alternativet "Eg veit ikkje".

9,2 prosent røysta blankt.

Deltaking: 37,1 prosent av alle med røysterett i Ulstein kommune deltok i folkerøystinga.

Blant 16- og 17-åringane deltok 44,5 prosent i folkerøystinga.


Volda kommune:

2419 (68,7 prosent) har røysta nei til å slåast saman med Ørsta.

1075 (30,5 prosent) har røysta ja.

Blanke røyster: 0,8 prosent

Valdeltakinga var på 48,9 prosent.


Ørskog kommune:

83,2 prosent røysta for ei landkommune (Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal).

15,2 prosent har røysta for regionkommune Ålesund.

1,6 prosent røysta blankt.

Valdeltakinga var på 44,2 prosent.


Ørsta kommune:

Ja til at Ørsta og Volda skal bli ein kommune: 37,3 prosent

Nei: 61,8 prosent

Blanke røyster: 0,9 prosent.

Oppmøteprosent: 50,4 prosent (4095 røyster).


Kommentar: Knusende nederlag for Sanner


Vanylven

Vanylven hadde folkerøysting i april. 61 prosent røysta ja til kommunesamanslåing, 37 prosent røysta nei.

Av desse svarte 72,5 prosent at dei ynskjer å slå seg saman med Sande, Herøy, Ulstein og Hareid - Runde kommune. 13 prosent ynskjer ei kommunesamanslåing med Selje og Vågsøy - Stadt kommune.

Valdeltakinga var på 63 prosent.