Fylkespolitikar Hilmar Høl (Ap) meiner nyheita om at Konkurransetilsynet vil vurdere å stoppe salet av Fjord1-aksjene, er eit varsel om at prosessen i fylkeskommunen ikkje heldt mål, skriver avisa Firda.

Høl var mellom mindretalet då eit knapt fleirtal i fylkestinget enda opp med å seie ja til at konkurrenten Torghatten skulle få kjøpe aksjeposten i holdingselskapet F1.

– Det finst ikkje vinnarar eller taparar i denne saka. Det er berre ei veldig trist sak. Så i utgangspunktet trur eg at det vil gå mot at salet blir stoppa, og så har vi gjort oss til latter for heile Norge, seier han til avisa.

Haldninga i Konkurransetilsynet samsvarar ikkje med kva rådgjeverande til fylkeskommunen sa. Dei meinte at dei ikkje trudde eit giftarmål mellom Fjord1 og Torghatten ville møte motstand.

Les pressemeldinga frå Konkurransetilsynet (ekstern lenke)

Høl peikar på at dei same rådgjevarande i si tid meinte at ein fusjon mellom Fjord1 og Norled ville bli stansa. Han meiner situasjonen som no har oppstått, viser at anbefalingane ikkje heldt mål.

Torghatten har no 15 dagar på seg til å kommentere saka, og eventuelt legge nye tiltak på bordet. Om det skjer, har Konkurransetilsynet 15 dagar til på seg til å fatte ei endeleg avgjerd.