Førarlause bilar vil endre verda

Bilar som køyrer sjølv er ikkje science fiction lenger. Dette skjer no. Og det vil endre samfunnet radikalt, meiner Brad Templeton.

Brad Templeton som er direktør ved Singularity University og ekspert på futuristiske mobilitetsløysingar. InnoTown  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Snart kan ein trykke på ein knapp, lene seg tilbake og slappe av medan ein let ein datamaskin gjere jobben med bilkøyringa. Eller kvifor skal ein i det heile ha bil, når ein kan ringe og bestille pizza, eller sko, og ein robotbil leverer heim til deg på 30 minutt?