Eit halvt år etter førre runde blir sjikane via appen Jodel nok ein gong vurdert til å vere eit problem i Ulstein, så vidt stort at rektor Jostein Vartdal ved Ulstein ungdomsskule onsdag sende ut brev via kontaktlærarane til føresette.

- Vi vart oppmerksam på at det pågjekk ting på appen tysdag, men dette kan ha pågått lengre, og det kan også vere ting vi ikkje veit om, seier Vartdal til Smp.no.

- Vurderer de dette som så alvorleg at de har meld saka til politiet?

- I så fall vil det vere ordføraren som gjer det, men dit er vi ikkje komen førebels. Det eg likevel veit er at foreldra til ein av dei som er råka av sjikanen har meld saka, seier han.

I brevet gjer rektoren først kort reie for kva Jodel er: At det er ein av de sosiale medie-appane som veks raskast i Norge, at det fungerer som ein anonym versjon av Twitter, berre utan begrensninga på 140 teikn, og at den gjer at du kan sende og lese anonyme meldingar i ein radius på rundt ti kilometer frå der du er.

- Utsett for grov sjikanering, rasistiske utsegn og mobbing

Etter dette skriv han følgjande: «Ungdommane brukar ofte appen dessverre til feil ting, mellom anna til å sjikanere og rakke ned på andre personar».

Deretter viser rektoren til at appen vart stengt ned i Ulstein i fjor nett etter mykje sjikanering og dritkasting, og at dette no tydeligvis er sterkt tilbake.

«Vi ser at det har vorte ei auke blant elevane ved UUS i bruken av Jodel, mellom anna vart den i går nytta til sjikanering av elevar ved vår skule. Mange av våre elevar vert utsett for grov sjikanering, rasistiske utsegn og regelrett mobbing, dei vert omtala med fullt namn og gjerne også alder eller klassetrinn», heiter det.

Han peikar videre på at ungdommane trur dei er anonyme når dei skriv, men at dei ikkje er det.

«Politiet kan finne fram til kven som har skrive kva. Eg har orientert politiet om saka, dei vil undersøke den og ta det opp med Jodel», skriv rektor. Han har også kontakta lokalavisa, og desse er venta å kome med eit oppslag om saka.

Avslutningsvis ber han om at foreldre sjekkar om ungdommane har appen: «Dokke kan og laste den ned for å fylgje med kva som skjer på nettet», skriv han.

Fungerande lensmann Leif Arne Mork i Ulstein og Hareid stadfestar overfor Smp.no at føresette til ein av dei som skal vere utsett for sjikane har meldt saka til politiet.

- Utover det har eg ikkje kjennskap til detaljer om dette, seier han.

Rektor ved Ulstein ungdomsskule Jostein Vartdal. ARKIVFOTO: KARL-PETTER LØVOLL