Supertenoren Domingo er president i den europeiske kulturvernorganisasjonen Europa Nostra.

Han var difor rask ute med å gratulere Storfjordens vennen med Europa Nostra-prisen i kategorien «Særskilde prestasjonar».

Storfjordens venner fekk prisen for sitt bevaringsarbeid av kulturlandskap og eldre arkitektur.

– Arrangementet fann stad i Teatro de la Zarzuela i Madrid, med 1.100 menneske til stades. Her viste vi ein nylaga video om oss sjølve og Storfjorden. Det var ingen andre videoar som hausta så stor applaus som vår, seier Kjell Løseth.

Vil hit

Og responsen etterpå var stor:

– Det var overraskande mange som kom bort til meg og lurte på korleis dei kan kome seg til området vårt. Så denne prisen vil nok ha ein stor effekt og auke besøket til Sunnmøre, trur Løseth.

I fleire dagar har delegasjonen på 19 frå Norge vore i den spanske hovudstaden.

– Det har vore fleire faglege seminar om kulturvern, og vi har vore inviterte til ulike arrangement.På premieutdelinga tysdag kveld var det stor festivitas og mykje god underhaldning. Mellom anna hadde Plácido Domingo ein songopptreden.

Inspirasjon

– Vi fekk mykje ros for det arbeidet som er lagt ned i Storfjorden sidan 1975, og dette vi har opplevd her dei siste dagane er til stor inspirasjon for det vidare arbeidet, seier Løseth.

Og som visepresidenten i Europa Nostra sa, når vi no har halde det gåande i 40 år, så såg han ingen fare for at organisasjonen vår skal gå i oppløysing.

Kjell Løseth og sambuaren skal no feriere i ei veke i Barcelona, før dei set kursen heimover til nye oppgåver i Storfjordens venner.

Stemne

– Det er jo Storfjordstemne på Grova i Liabygda søndag 5. juni. Allereie 3. juni er det dugnad på staden, for å gjere alt klart til stemnet, seier Kjell Løseth, styreleiar i Storfjordens venner.

Gro Anita Bårdseth og Kjell Løseth frå Storfjordens venner med diplomet som syner at dei har fått Europa Nostra-prisen. Foto: Frode Pilskog
Norge stilte med ein stor delegasjon i Madrid, med mellom andre fylkesmann Lodve Solholm, Jens Peter Ringstad frå fylkeskommunen og direktør i Norsk kulturråd, Eirik Lillebråten. Foto: Frode Pilskog