Spent på om Eid seier ja til samanslåing med Gloppen

– Dette er utruleg spennande, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo, medan eidarane strøymer til vallokalet for å seie ja eller nei til samanslåing med Gloppen.

Folkerøysting Emma Åsebø (15) bruker stemmeretten sin for første gong, men vil ikkje avsløre kva som stod på stemmesetelen. Bak bordet sit frå venstre Per Magnus Myklebust, Anny Espe og Åse Rosø  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Spent Eid-ordførar Alfred Bjørlo håpar på at minst 60 prosent av eidarane nyttar sjansen til å seie meininga si om Eid skal slå seg saman med Gloppen eller ikkje.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Alfred Bjørlo (V) er sjølv for ei samanslåing, men torer ikkje spå om utfallet.

– Om det blir ja i eine kommunen og nei i andre, blir det ei nøtt for politikarane. Om det blir nei, så vil det for Eid sin del vere naturleg å samtale med andre naboar og ta opp igjen kontakten med dei, seier Bjørlo.

Den enkelte folkevalde avgjer

Måndag kveld veit ein resultatet, om innbyggjarane er på linje med politikarane i saka og om det er stemning for det som har fått namnet Nordfjord kommune.

Uansett utfall vil formannskapet i Eid møtast førstkomande torsdag for å avgjere vegen vidare.

– Vil de respektere fleirtalet i folkerøystinga?

– Det blir opp til den enkelte folkevalde å avgjere. Det er ei rådgjevande folkerøysting. Men alle ein einige om at valoppslutninga vil bli viktig. Difor har vi også jobba for høg valdeltaking, seier Bjørlo.

Jamn straum av veljarar

Og midt på dagen måndag verka det for at valdeltakinga kunne bli høg. Det hadde vore ein jamn straum av folk som ville seie meininga si. Bjørlo håpar oppslutninga vil bli rundt 60 prosent.

Kommunen har fått inn 630 førehandsrøyster, noko Bjørlo meiner er eit godt teikn på god oppslutning.

Til samanlikning var det 750 førehandsstemmer ved sist val, der også 16- og 17-åringar fekk stemme. Skilnaden kan skuldast at studentar må møte fysisk opp i Eid for å stemme.

Innbyggjarundersøking

Gloppen har også folkerøysting måndag, der det er minst like spennande utfall av folkerøystinga.

Samtidig med valresultatet vil det i kveld også bli kunngjort resultat av innbyggjarundersøking, der 350 innbyggjarar i Eid er spurt om det same som i folkerøystinga. I tillegg har dei fått oppfølgingsspørsmål om kvifor dei har stemt ja eller nei.