Kontrakten gjeld i første omgang for eitt år, men opnar for lengre samarbeid.

Ordførar Lena Landsverk Sande er svært glad for ein så solid aktør som Stryvo etablerer seg i Vanylven.

Stryvo Group har som kjent inngått avtale med Waves4Power der intensjonen er å starte produksjon av bølgekraftverk.

– Vi veit at det er eit tøft segment. Fleire tusen på verdsbasis har forsøkt seg på bølgekraftverk, men det er hittil ingen som har gjort dette kommersielt drivbart, seier Jostein Bøe i Stryvo.

Styreleiar Oddvar Strand i Stryvo seier det har vore eit premiss for Stryvo sitt engasjement i partnarskapen med Waves4Power at ein har utviklingsfokus på heile produksjonslinja, frå bestilling til at bøya faktisk ligg i sjøen og produserer straum.