Ordførarane i dei fem Runde-kommunane møttest onsdag til «debrifing» etter nederlaget i folkerøystingane i tre av dei fem kommunane.

– Det hjelper lite kva Ulstein meiner, viss nabokommunane ikkje er innstilt på å gå vidare med prosjektet. No sit vi litt på gjerdet og overlèt mykje av konklusjonen til naboane, oppsummerer Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp).

Ballen ikkje lagt død

Det som er klart er at kommunane no ser om det er mogleg å få til mindre samanslåingar. Hareid-ordførar Anders Riise (H) opnar opp for diskusjonen om Hareid og Ulstein kan slå seg saman.

– Nokon tenkjer at no er ballen lagt død, men vi er framleis i prosess. Kommunen er eit høyringsorgan, og det er ikkje vi som tek endeleg avgjerd, seier Riise.

Vil finne mindre løysingar

Goksøyr understrekar at det er brei semje i Herøy om å lytte til folket, som sa nei til Runde.

– Vi har testa det store alternativet, og det er eit dødt prosjekt. Eg har ikkje sterke meiningar om kva vi gjer vidare, seier han.

Sande-ordførar Dag Vaagen (H) meiner ein no må gå vidare med mindre prosjekt.

– Vi må finne løysingar innanfor kvardagsregionen. Det må vere mindre løysingar, seier han.

Tenkte større enn mode for

Engh legg til at ordførarane i Runde-prosjektet nok har tenkt større enn det folk var modne for. Ordførarane ser at store alternativ heller ikkje andre stader i landet har fått særleg oppslutning.

For nabokommunane Sande og Vanylven, som er einaste kommunane med fleirtal for Runde, kan det vere aktuelt å snakke saman.

– Vi har jo ei bru som vi er interessert i og einige om, seier Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V).

– Uansett vil vi vere tett på kvarandre. Og vi må leite etter enklare og ikkje for vidløftige alternativ, seier Vaagen.

Utsett frist

Kommunestyra i alle dei fem kommunane skal ha oppe sak om kommunereform og vegen vidare i løpet av juni, men treng meir tid for å teste ut andre alternativ enn det som er vraka i folkerøystingane.

Fylkesmannen har no gitt kommunane frist til slutten av september og vil sjølv kome med tilråding 3. oktober.