– På det ekstraordinære kommunestyremøtet i kveld skal forhandlingsutvalet gjenopnast og få nytt mandat.

Gjennom det får vi finne ut kvar vi skal gå vidare med når det gjeld kommunereforma, seier Aure til Sunnmørsposten.

Han og ei rekke andre ordførarar og andre representantar er torsdag føremiddag samla på bedehuset i Skodje for «debriefing» av kommunereforma.

Har ikkje greidd ut åleine-alternativet

Problemet for Ørskog er at kommunen ikkje har greidd ut alternativet om å stå åleine.

Den rådgjevande folkerøystinga gjekk i retning av landkommunen Storfjord.

Men Norddal og Stordal vil ikkje slå seg saman med Ørskog, så da står Skodje og Ørskog attende, og Skodje er som kjent opptatt av å slå seg saman med Ålesund. Dermed står Ørskog åleine.

– Folket har sett oss i ein litt vanskeleg situasjon, konstaterer Geir Peter Aure.

– Tida er mogen for handling

– Ørskog har ikkje råd til å stå åleine. Vi får størst tap i høve til den nye finansieringsordninga.

Innføring av eigedomsskatt vil ikkje kompensere for det inntektsbortfallet som kommunen vil få ved å stå åleine. Kommunen vil ikkje vere i stand til å levere lovpålagde tenester.

Tida moden for handling, signaliserer han.

Vanskeleg debatt

Det tidlegare forhandlingsutvalet bestod av ordførar, varaordførar og rådmann. Aure har vikariert i fire månader etter Karen Simonnes Aanes som er sjukmeldt.

Ho har ikkje lagt skjul på at stormen ikring debatten har vore krevjande.

– Vi står oppe i den vanskelegaste debatten sidan siste kommunesamanslåing for 40 år sidan. Eg har sagt heile tida at regionkommunen på sikt er det beste for innbyggjarane i Ørskog, medan folkeavstemminga peikte på at landkommunen var best.

– Alternativa finst ikkje lenger

Dei må gjerne peike på alternativ, men dei må faktisk vere realistiske.

Faktum er at alternativa finst ikkje lenger. Ut ifrå samtalane her i dag er det ingen grunn til å forvente at korkje Haram, Norddal eller Stordal er villige til å gå for det våre innbyggjarar ser som løysing.

– Det har vore høg temperatur om dette i lokalavisa?

– Det har det. Folk må ha sine synspunkt. Det har vore ein del støy på Facebook med personangrep. Ein del ligg på eit nivå der eg ikkje opererer.

Det verste er at rådmannen og eg er gjeve motiv vi ikkje har. Vi prøver å peike på fakta vi er nøydde til å stelle oss til røynda slik den framstår, seier Geir Peter Aure.