Møre og Romsald Sau og Geitalslag utlova dusør gjennom eit oppslag i Sunnmørsposten i juli 2013.

Leiar i laget, Odd Bjarne Bjørdal,  lova dusør på 10.000 kroner til den eller dei første som skaut eit rovdyr i fylket.

Blei politimeld

Saka blei meld til politiet av Bygdefolk for rovdyr, og laget fekk 15.000 kroner i bot for brot på villtlova. Dei nekta å betale, og saka kom difor opp i Søre Sunnmøre tingrett, der laget no er frifunne.

Laget slepp å betale bota og blir i staden tilkjend sakskostnader dei har hatt i samband med saka. Kostnadene på vel 35.000 kroner blir dekte av staten.

Var for å provosere

I artikkelen i Sunnmørsposten uttalte Bjørdal at han var klar over at det ikkje er lov å felle freda rovdyr og at han var klar over at han provoserer. Dette gjorde han for å sette politisk dagsorden.

Saka var styrebehandla i fylkeslaget, og bakgrunnen var at ein hadde sett skader på småfe i Eikesdal, som skal ha vore påført av ulv.

Var i tvil

I retten forklarte Bjørdal at godtgjersla var tiltenkt lovleg jakt, der det var gitt fellingsløyve.

Retten finn at dusøren som er omtalt i avisartikkelen, fell inn under omgrepet skotpremie. Laget vedgår at det ikkje var innhenta løyve frå rett mynde, og retten peikar på at skotpremien difor var ulovleg.

Men tingretten har vurdert om laget er ei foreining som ein kan sjå på som eit føretak. Og under tvil er retten kome til at Møre og Romsdal Sau og Geitalslag ikkje har ei så frittståande og uavhengig rettsstilling at det har karakter av å vere sjølvstendig foreining som kan få føretaksstraff etter straffelova. Difor er laget frifunne.