Utvalet fekk også nytt mandat om å gå vidare med landkommunealternativet.

Korkje Skodje, Norddal eller Stordal frir no til Ørskog kommune.

Aures klare melding tilbake til eigen kommune er at Ørskog ikkje har råd til å stå åleine. Dermed blir regionkommunen Ålesund einaste alternativet.

Nytt forhandlingsutval

No har kommunestyret i Ørskog på sitt ekstraordinære møte torsdag kveld gitt sitt svar på situasjonen. Med 15 mot to røyster er det oppnemnt eit nytt forhandlingsutval med Torbjørn Fylling (Frp), Helen Børresen Fjørtoft (V/KrF) og Gert Ritman (Sp).

Arne Abelseth (Ap) blei også foreslått, men ba seg friteken av di han ikkje har tid. Abelseth sit i formannskapet og var den Sunnmørsposten fekk tak i torsdag føremiddag.

- Skodje, Stordal og Norddal må snu

- Vi har bytta ut det gamle forhandlingsutvalet og skal greie ut landkommunealternativet.

Forhandlingsutvalet skal sondere med dei tre andre kommunane Skodje, Stordal og Norddal om det er mogleg å snu og få eit samarbeid med Ørskog, seier Abelseth. Han meiner det er ordføraren i Skodje som helst vil til Ålesund, ikkje fleirtalet av innbyggjarane i Skodje.

På det ekstraordinære kommeunestyremøtet blei det også diskutert om ein skal utsetje avgjerda om kommunesamanslåing i kommunestyret sitt møte den 30. juni, og ikkje den 16. juni, fortel Abelseth til Sunnmørsposten.

- Det er noko merkeleg

- Kva er din kommentar til at du som fungerande ordførar blei kasta frå forhandlingsutvalet, Geir Peter Aure?

- Eg syntes det står på eigne bein. Det er noko merkeleg. No skal forhandlingsutvalet ta opp forhandlingar med kommunar som i tur og orden har avvist landalternativet og dei vil heller ikkje gå i dialog med regionkommunen Ålesund.

Mi oppgåve er å peike på realitetane i høve til eigen kommune. Det har eg formidla til Sunnmørsposten etter møtet i Skodje. Det kom ikkje noko anna fram på kommunereformmøtet i Skodje.

- Har du fått meir pes på Facebook etter dette?

- Det har eg sikkert. Eg er ikkje så mykje på Facebook og har heller ikkje kommentert desse spørsmåla på Facebook. Eg held meg til kommunale organ som formannskap og kommunestyre. Og har altså orientert der om samtalar vi har hatt.

Rådmann og fungerande ordførar er også nøydde til å halde seg til realitetane vidare framover, seier Geir Peter Aure.