Det er sannelege mykje å setje seg inn i for Muritunet sin nye sjef, 53 år gamle Geir Ove Vegsund frå Sula.

Etter mange år i Vard-systemet, endå fleire i Devold før det – og ein periode som ordførar i Sula – begynte Geir Ove Vegsund onsdag i denne veka som ny administrerande direktør for helseinstitusjonen Muritunet.

Muritunet er eit rehabiliteringssenter i spesialisthelsetenesta.

– Eg synest dette verkar som ei utfordrande stilling i ei spennande bedrift, seier Vegsund og tek ei pause i alt det nye han må lære seg.

– Kva visste du om Muritunet frå før?

– Eg har, som mange andre, hatt ein distansert kunnskap om bedrifta. Mellom anna har eg besøkt familiemedlemmer som har vore pasientar her.

Økonom

53-åringen er utdanna økonom, og skal no styre ei bedrift som han etter to dagars innsyn meiner å kunne sjå driv godt.

– Det verkar som om institusjonen har funne seg ein god plass innan rehabilitering, eit fagfelt som det er stort behov for, seier han.Det har gjennom åra variert kva Muritunet har hatt tilbod om.

I dag er de dei store på rehabilitering innan sjukleg overvekt, KOLS, muskel- og skjelettlidingar, arbeidsretta rehabilitering, og dei som har vore gjennom langvarig kreftbehandling.

Muritunet er eit aksjeselskap som er eigd av Møre og Romsdal Fylkeskommune (22 prosent), Norddal kommune (18 prosent), og Nasjonalforeninga for folkehelsa (22 prosent).

Dessutan er alle kommunar i Møre og Romsdal eigarar i Muritunet AS, samt ein del private personar og organisasjonar.

Muritunet er også ein viktig kompetansearbeidsplass i Norddal, påpeikar Geir Ove Vegsund.

Institusjonen har no 60 årsverk, fordelt på ca. 85 personar.

– Kva blir di viktigaste oppgåve framover?

– Det blir å vidareutvikle Muritunet. Mellom anna er det spanande det som no skjer med bygging av eit helsehotell i Valldal. Vi håper på ein synergieffekt der.