Tre bilførarar meldt for råkøyring

I alt 23 førelegg under to fartskontrollar i Stryn, laurdag.
Nyheter

Laurdag ettermiddag vart det halde lasarkontroll både i Markane og Ytre Eide i Stryn kommune.

Og: under kontrollane, som begge vart halde i ei 80-sone, vart det skrive ut i alt 23 forenkla førelegg! I tillegg vart tre bilførarar melde til politiet for råkøyring: Medan høgste fart vart målt til 140 i Markane, skal farta ha vore 138 km/t i Ytre Eide.