Litt før klokka 02, natt til søndag fekk politiet melding om skadeverk på ein skule i Vanylven kommune.

- Eit gjerde og ei takrenne er øydelagt ved Myklebust barne- og ungdomsskule i Syvde, og politiet mistenker to ungdommar for å stå bak skadeverket. Dei to vart observert av dei som melde frå, fortel operasjonsleiar Olaug Holme ved politiet i Sogn og Fjordane til smp.no.

Saka vil bli følgt opp av politiet.