Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord (H) er i utakt med folket i kommunereforma. Det meiner Ørskog-politikar Thorbjørn Fylling (Frp) i Sunnmørsposten måndag.

No får gamleordføraren i Ørskog svar på tiltale av Pål Aarsæther (H) i Skodje kommunestyre. Aarsæther er ein tidlegare leiar av Skodje Høgre, no er han medlem av kontrollutvalet.

- Utspelet til Fylling har feil adressat, det er Haram og Vestnes som er nøkkelspelarane om vi skal få til eit landkommunealternativ, og dei har trekt seg. Men når det kokar over på Sjøholt, så skvett det på oss også, vi tar ikkje det personleg, seier Aarsæther, før han held fram:

- Skal det bli aktuelt med ei landkommune, må Haram, og gjerne også Vestnes, melde seg på igjen. Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal blir for smått, meiner han.

Har innbyggjarundersøking

Tennfjord har i lang tid snakka varmt for å slå Skodje saman med Ålesund. Men då Skodje-bygdarane skulle røyste over saka, var det landkommune-alternativet, ei storkommune utan Ålesund, som var mest populært. Likevel ønskjer ordføraren å slå saman Skodje og Ålesund.

Aarsæther meiner innbyggjarundersøkinga i Skodje gir eit betre bilete av opinionen.

- Oppslutninga om folkerøystinga var mindre enn 40 prosent. I innbyggjarundersøkinga utført av Opinion var det også lettare å gå i djupna, med fleire spørsmål, seier han.

Her vart det fleirtal for regionkommune med Ålesund, mens alternativet Storfjord kommune saman med Ørskog kom eit godt stykke bak.

- Eg ser heller ikkje den store realismen i ein ny kommune med 7-8.000 menneske. Vi har forsøkt før, saman med Ørskog og Stordal, det fungerte ikkje, meiner han.

Avhengig av Ålesund i dag

Innan helsesektoren er Skodje i dag avhengig av Ålesund kommune på fleire område. Aarsæther legg vekt på det han kallar eit breitt samarbeid mellom kommunane Skodje og Ålesund.

- Skal Fylling få til ein ny runde med forhandlingar rundt landkommunealternativet, må han kome med klare og konkrete løysningar på korleis vi skal løyse dei utfordringane vi har i dag med å gjere oppgåvene våre. Kvar kommunegrensene går er her heilt sekundært, det er økonomi og tenestene vi kan tilby innbyggarane denne reforma dreier seg om, understrekar Aarsæther.

Han trur også at det kan vere pengar å spare på å slå seg saman med Ålesund.

Forhandlar no

– Har aldri sagt at Tennfjord er i utakt

Ørskog-politikar Thorbjørn Fylling (Frp) meiner seg feilsitert i Sunnmørsposten måndag.

– Eg sa ikkje at Tennfjord er i utakt med eigen kommune, seier han etter å ha sett saka i avisa.

– Eg ville aldri ha uttalt meg på den måten, særleg nå når vi i Ørskog har bedt alle kommunane i landkommune-samarbeidet om å på nytt å vurdere moglegheiter for samarbeid, seier han.