Måndag var tilsette ved Volda sjukehus invitert til idedugnad og kafediskusjon for å kome med innspel.

Prosjektleiar Marit Wærness fortel om større engasjement og oppmøte i Volda enn ved tilsvarande møte i Ålesund. I Kristiansund var det like stort. Og ho meiner det er viktig med stadleg leiing.

– Det er noko med å vere til stade, nær pasientar, tilsette og lokasjon. Sjukehuset har stor betydning for lokalsamfunnet, og det er mykje praktisk og verdimessig knytt til det stadlege, seier Wærness, men legg til at i den moderne, digitale verda blir det stadlege meir utfordra.

Stadleg leiing er ein del av eit større prosjekt for utvikling av organisasjonen. Saka skal ut på intern høyring i august.